Takk for godt naboskap
Ein sjeldan flott mann har no lagt inn årane og seiler vidare på alle verdens hav️ Tusen takk for gode samtaler, støtte, latter og tårer Stig️ Du var heil ved! Gjennom din stillferdige væremåte skapte du trygghet og indre ro for bebuarane og kollegaene dine🙏 Kjem til å sakna deg️ Varme tankar til familien som du var so stolt og glad i️ Eg lyser fred over minnet ditt💫🙏
Kjære kollega, kjære ven, kjære Stig
Det er vanskeleg å finna ord. Du var den finaste. Ein stillferdig mester. Difor vert orda som vert sagt enno viktigare.
Me saknar deg. Me saknar han som hadde sett verda, men likevel såg verdien av å sparka grus i tunet, eller i det å berre vera.
Me minnast omsorga di - kor varmt du omtala familien din. Omsorga til bebuarar, oss, dyra, og blikket du gav eit nyfødd lam. Omsorga di har trøysta og redda mange.
Når det storma i oss klarte du å vera lun og trygg. Faglig sterk - men me har òg lært at det nokre gongar held å sei: «Det ordnar seg nok», eller «detta går fint».
Arva etter deg skal me ta vare på. Arva heiter raushet, å aldri gje opp, å alltid setja bebuaren sine ynskjer og kjensler først. Mennesker og dyr skal ha det godt når me reiser frå Skor, og tunet skal vera strigla.
Det var noko inderleg med deg. Når du sa at noko var nydeleg, så synte du det med heile deg. Då var alt nydeleg, både rundt oss og i oss. Eller når du sa: «No kosa vi oss».
Varsamt deler me at det å vera saman i ein medlevarturnus gjer at vi nesten knyt familiære band. For nokre av oss var du nesten ein farsfigur, storebror eller verdas snillaste onkel. For andre var du ein kamerat, og han som alltid gjekk sist heim frå fest.
Det er så mykje å nemna, og me veit at du blygt ville sagt at det kanskje rekk no: Men minnet er så viktig for så mange.
Utan å kava, eller i behov av å bli sett, jobba du stille og trutt. Når me stussa over praktiske oppgåver sa du: «Det er berre å gjera det». Så gjorde me det.
Du var oppteken av alle si sikkerheit - ve og vel - som til dømes når du i dei seine timar, etter eit glas og to på ein sommarfest i Hardanger, passa på at det ikkje blei bading før alle hadde redningsvest på.
Korleis skal me klara oss utan deg.
Ein bebuar sa at Stig vil at vi skal leva liva våre, og at han alltid vil passa på oss. Det hjelper.
Alle har noko å læra av deg, Stig.
Me lyser fred over ditt minne.
Stig, min gode venn.
Blei kjent med Stig då me gjekk på skule samstundes i Bergen midt på 80 talet, i frå då blei me gode kameratar. Me hadde sesongkort i Bergenshallen og på stadion, me bowla mykje og dei blei nokre turar på byn
Seinare reiste me på mange turar saman, til Syden, Danmark, rundt om i landet og mange helgar i Bergen. Me var fleire turar til Liverpool, der me song Youll never walk alone i lag med fullsette stadion. Me var og ei helg i rorbua på Lundøy, med tur til Møgster.
Me blei godt kjende med kvarandre etter som åra gjekk, og det vart mange og lange samtalar om all verdens saker. Stig var snill og god, hadde stor omtanke for andre, sin familie, sine vennar, sine arbeidskollegaer og folk som sleit med sitt.
Me vart og godt kjende med familiane til kvarandre, gjennom vennskap, bryllaup og gravferder. Me mista Svein, familien til Stig mista Line. Me mista våre fedre med nokre års mellomrom. Stig var forlovar i bryllaupet vårt og heldt ei gripande og morosam tale der.
Stig var stolt over og glad i sine næraste, Katrin, Vilde, Marius og Carina Cato og barna deira Miriam og Markus, som han var bestefar til. Han brydde seg om dei og var stolte av dei.
Stig snakka og alltid godt om, og var glad i sin nærmaste familie, Haldis, Tore, Morten, Mai-Britt og den næraste familien og slekta si. Han hadde eit særs godt forhold til mamma Haldis, og var flink å besøka henne. Han var og ein god onkel.
Da gjer vondt langt inn i sjela at du ikkje er her meir. Takk for at eg fekk være din venn, takk for alle gode minner, saknet er stort. Me skal alle gjera da besta for å ta vare på dei som du var så glad i. Dei skal aldri gå åleine.
Takk for alt min gode venn.
Du var så ekte. Kjem alltid til kjenna på saknet av deg, min venn ️
Kjeme alltid til å savne deg!️ Du hadde alltid eit smil på lur og hadde alltid eit godt svar!️ ikkje minst så var du alltid hjelpsom og hørte alltid før du svarte på spørmål! 😢
️
For et sjokk. Du kom ut på Lundøy og kjøpte rorbuen vår .
Vi ble kjent med en fantastisk hyggelig mann - så enkel og stillferdig. Hvil i fred kjære gode Stig😔
Kvil i fred Stig 🌹
Alltid smilende og blid og var så kjekt at du trivdes så godt på Lundøy️ du var ivrig på å ver med på sauesanking noe som var veldig kjekt for alle på øyen.
Så mange gode fine minner 💓
Du blir ikkje gløymt.
Du var alltid snill og viste omsorg ️
Kjære Stig.
Det blei ein brå slutt på livet ditt. For meg var du den store kjærligheten og min aller beste venn.
Du berørte mange mennesker, og vil bli husket som eit godt menneske. Du var omsorg, og din genuine interesse for å ta vare på mennesker som trengte din støtte var unik.
Du elsket å vere i ditt «paradis» på Lunnøya, og der fekk du ta dine siste åndedrag.
Kvil i fred Stig, klem fra Katrin
Kjære gode, snille Stig ️
Me har delt så mykje opp i gjennom åra. Har eit hav av gode minner. Vil savne ditt lune smil og gode humor
Onkel Stig ️
Du var alltid så snill, gøy og raus med omsorg og kompliment️ kjem til å savne den fine praten, snappene, ditt gode smil. Lange kvelda på kaien, eller å dela ein kaffikopp med deg. Tar vare på alle dei gode minnene.
Kjekke, gode Stig️❤️
Mange gode minner opp gjennom, der me sprang inn og ut, i to hus tett i tett.
I seinare tid blei det oftast ein prat i Slorkjen, du var ofte å finne der.
Kjem til å savne ditt lune smil️❤️
Det er alltid trist når kjente og kjære går bort, men når pappa på 60 år plutseleg døyr, kan ein lure på kva i alle dagar som skjer.
Eg minnast deg som ein snill, gøyal, kunnskapsrik og kul pappa. Når eg tenkjer tilbake på deg, er det særleg to ting som kjem i tankane. Det eine er sjølvsagt fotballaget Liverpool. Det andre, er det som fekk deg til å lyse opp kvar gong det vart nevnt, tida du reiste på fiske. Du er ein ekte fiskar og sjømann, og eg ynskjer deg hell og lukke på din seilas vidare. Tenkjer på - og minnast deg.