Kjekke og snille Helge . Har kun gode minner fra han.
Kvil i fred
Kvil i fred Helge
Helge Andersen
27. juli, Stolmen kyrkje
Det er endå uverkeleg at me skal ta avskjed med Helge. Han hadde så mange planar for framtida, men måtte etter eitt års kamp gje tapt for kreften, nær 72 år gamal. Han kjempa til siste slutt, og berre ei veke før han døydde samla han krefter for å sitte i gravemaskina nede i Tøkje.
Helge Andersen vart fødd 29. juli 1949, og var den eldste i syskenflokken på 5. Han vaks opp i Tøkje og Djupavågen.
I 1956 begynte Helge i 1. klasse på Rabben, og etter sju år på barneskulen gjekk han vidare på framhaldskulen i Kalvaneset. Etter han vart konfirmert bar det på brislingfiske med Knut i Bakk, før han starta på maskin- og mekanikarlinja på yrkesskulen i Odda. Vidare gjekk ferda til jordbruksskule i Skien, der planen var å verta agronom. På denne tida vart han kjærast med Eva, og då Helge fekk jobb hos ein kyllingoppdrettar på Jæren, følgde Eva etter og fekk seg jobb på ein konfeksjonsfabrikk i Sandnes.
Etter eit lite år kom dei heim begge to. Dei gifta seg og fekk Wenche i 1970.
Den unge familien budde fyrst i heimen til Helge. Dei pendla litt dei første åra mellom leigd hus på Gauksheim og heimen i Tøkje. Det vart heimen deira etter kvart, i starten saman med besteforeldra hans, Thorvald og Tillo. I 1973 fekk dei Linda og så kom Thorvald i 1988. Året etter mista dei ein liten gut ved fødselen. Helge fekk oppleva å få 10 barnebarn og 8 oldebarn.
Som 22-åring starta Helge for seg sjølv som entreprenør, og i åra som følgde jobba han mellom anna med entrepenørarbeid på vannverket på Bakkasund, der også bror hans Egil var med. Svoger Hans Bjørnar var også med i skuleferiane. Helge likte seg godt på Bakkasund, og kjøpte hustomt med planar om å byggja der, men etter at han overtok huset etter besteforeldra i Tøkje vart denne tomten seld.
I 1977 begynte han å jobba i Havnavesenet, og etter om lag 5 år der, bar det attende som entreprenør saman med bror sin. I 1993 vart han bonde på heiltid, før han etterkvart kombinerte dette med jobb som vaktmester i kommunen. Der jobba han til han vart pensjonist, og vel så det.
Helge var ein altmoglegmann som var flink til det meste. Han bygde huset sitt i Tøkje sjølv, og var ein respektert arbeidskar. Han var oppteken av å vidareformidla kunnskapen sin til borna, og det var aldri eit tema at døtrene hans ikkje skulle læra å mura og snekra. Thorvald hang i føtene på han frå han vart fødd, og lærde både å skru på motorar og snekra frå han var svært liten. Eva var slett ikkje høg i hatten då sonen som 2-åring hang i tau på taket til stallen og jobba saman med faren.
Syskena fortel at han i ungdommen hadde ein svart og kvit Opel som han var stolt av, og den vart mellom anna brukt til kappkøyring mellom Gauksheim og Bekkjarvik. På same tida hadde han ei gamal skøyte som heitte «Svanen», som han brukte uttallege timar på å pussa opp og setta i stand. Ofte var litesystera til Eva, Liso, med på dette arbeidet.
«Svanen» vart den fyrste feriebåten til Helge og Eva, før dei i 1978 kjøpte ein cabincruiser som fekk namnet «Welin», oppattkalla etter Wenche og Linda. Her var arbeidsfordelinga ofte at Helge og Wenche satt oppe og styrde, medan Linda og Eva låg nede i lugaren og spydde på overfartane. Mange gode ferieminner vart til, frå helgeturar til Godøysund og lengre turar til Sverige og Danmark, før båten vart seld nokre år seinare.
Helge vart veldig kry når Wenche i sommar kjøpte ein nett lik båt, også denne vart døypt «Welin».
Ein draum gjekk i oppfylling då Helge kjøpte skøyta «Vanadis» for 8 år sidan, og saman med Eva skulle dei kosa seg med den på sine eldre dagar. Slik gjekk det ikkje, Eva gjekk brått bort i 2016, men dei rakk å ha fleire turar av garde før ho døydde. Han fann likevel alltid ei stor ro ved å segla og nyta stillheita på havet, og reiste av garde så snart han hadde moglegheit for det. Gjerne saman med barn eller barnebarn, men også aleine. Shetland, Orknøyane og Sørlandet vart flittig besøkt, og det årlege høgdepunktet var trebåtfestivalen i Risør. Heilt til det siste var målet å komma seg på festivalen også i år, i tillegg til ein tur til Færøyane eller Shetland.
Til 60-årsdagen fekk han å gåve å reisa på tokt med Statsraad Lehmkul saman med dei 3 barna sine, noko som vart eit minne for livet for dei alle. Mykje lått og humor prega turen for dei fire, og noko av det som karakteriserer familien er nok den noko spesielle interne humoren, som nok ikkje alle forstår seg så mykje på.
At han ved fleire høve har vore medseglar på Statsraaden gjorde det nok ekstra kjekt å fylgja med på «Sommerskuta» på NRK i år, og heilt til det siste i sjukesenga stod dette programmet og rulla over skjermen.
Helge var oppteken av tryggleik til sjøs, mykje fordi store delar av familien har arbeidet sitt på havet. Difor var han også i «alle år» medlem i Redningsselskapet og Luftambulansen.
Han var oppteken av familien, og likte seg spesielt godt når alle var samla ved sjøen i Tøkje. Uttallege samlingar til bursdagar, St. Hans, Olsok, grilling og bading opp gjennom åra var høgdepunkta hans. Han gleda seg stort over å gå i gang med å laga molo og nausttomtar der nede, og nærare 6000 lass med stein rakk han å fylla ut før han gjekk bort.
Helge likte ein god diskusjon. Han hadde barnetrua si, og vegra seg ikkje for å dra den fram. Då presten, som var av den gamle skulen, vegra seg for å døypa Malin, eldste barnebarnet hans, grunna at foreldrene enno ikkje var gifte, stilte han presten til veggs, og minna om guds ord: «La dei små barn komma til meg, og hindra dei ikkje. For i guds rike hører slike til». Presten kunne ikkje anna enn å seia seg einig, og døypt vart ho.
Fred over Helge sitt minne.
Takk for fine stunder i Naustheller og på skolehuset ️ Hvil i fred
️
Snille, flinke, morsomme bestn. Kjem te å savna deg
Kvil i fred, Helge
Kjære Onkel .
Stor ,sterk , god og snill.
Så mange gode minner frå barndommen i Tøkje.
Kvil i fred
Pappa, helten min️❤️
Våras flotte bestn og oldebestn som kunne alt. Me kjem te å savna deg.
Kvil i fred
Kvil i fred, Helge.
Hvil i Fred
Janne og Stig