Eg var så heldig å få arbeide hos Botolf frå begynnelsen av februar i år...Vi fekk god kontakt og hadde mange gode samtaler...Vi skulle på tur til opp til garden der han vaks opp, og gleda oss stort til det, Desverre kom vi ikkje så langt..Eg vil sakne denne gode mannen og glad for å ha blitt kjend med han.Fred over minnet.
Botolv og Steinar vaks opp på garden Nakka der bestemora mi, Ragnhild Nakka Hjørnevik, trødde sine barneskor. Såleis er Botolv og eg tremenningar. Eg har vore mange gonger til Nakka dei seinare åra, og siste gongen eg var der, var Botolv heime. Eg vart beden inn og han fortalde mykje om garden og området rundt, og han tok meg med i alle husa på garden. Ei fantastisk oppleving, og eg vil aldri gløyma all nevra som skulle brukast til taktekking på dei gamle husa. Eg vil heller aldri gløyma Ingegjørg, mora hans, alt ho fortalde då me var til Nakka i samband med slektsstemna i mai 1984. Liv, kona til Botolv, og eg arbeidde saman på Voss telegrafstasjon for mange år sidan. No er også ho borte. Dei vert sakna. Då vil eg lysa fred og signing over Botolv sitt minne! Helsing Ragnhild Johnsson
Botolv var ein svært kunnskapsrik mann. Saman med broren Steinar vaks han opp på den veglause, einbølte garden Nakka i Evanger. Ein lærer å hjelpa seg med det ein har og skaffa seg kunnskap om mangt, som i vår tid kjennes framand,.når ein veks opp ein slik plass. Botolv budde i vaksen alder på Fana, men hadde sterk tilknytning til heimegarden på Nakka. Han såg til at garden vart overførd til nye kunnige folk før han døydde. Fred over minnet.