Kjenner for å gi ein ekstra takk til rektor Lysne for arbeidet han la ned for dei framandspråklege elevane vi fekk på skolen i hans tid. Haldningane hans og innsatsen hans for denne elevgruppa gjorde Katten til ein av dei fremste skolane i landet når det galdt opplæring og integrering av elevar med eit anna morsmål enn norsk..Desse elevane finn vi i dag att i alle yrkesgrupper, og skolen har fått mange tilbakemeldingar med takk for åra dei gjekk der. I dette arbeidet stod rektor som ein bauta for elevar og for lærarar som måtte pløya ny mark.