Informasjon

Kari Orlaug Risa

  • 30.03.1944 - 20.04.2018

Mi kjære og omsorgfulle Kari

Kari var fødd som den yngste av 4 sysken, Målfrid, Jolvard og Ingebjørg. No er det berre Ingebjørg som lever att. Ho vaks opp i Holmedal. Faren, Ola Espeda,l døydde alt då Kari var knapt 7 år.  Ho voks opp saman med mor si Seri, f. Taksdal, frå Jæren. Syskena var 8-14 år eldre og flytta ut eller var flytta ut då faren døydde. Kari tok musikkutdanning og uderviste nybegynarar i piano i musikkskulen og litt privat. Ho vart gift med Asbjørn Amund Risa, frå Lindås, i 1967. Saman har dei 4 born, Jostein, Solbjørg, Helge og Ola Kåre.  Dei er alle gifte og har tilsaan 12 born, Kari og Asbjørn sine kjære barneborn. Det vart 6 gutar og 6 jenter. Vi fekk ein fantastisk buplass nær sjøen på Sletten i Blomsterdalen frå 1971. Kari var aktiv i bedehuset Karmel sidan 1972, som pianist og kordirigent m.m i mange år. fredag 20.april 2018 slutta hjarta å slå heilt brått i armkroken min i senga.  Det er uverkeleg at ho er borte. Men deii mange gode minna vil hjelpa meg og familien vidare. Trass i sorga og saknet er eg fyllt av takksemd til vår Himmelsk Far for dei vel 51 år vi fekk saman. Kari fekk sleppa å bli meir dement enn at ho klarte seg godt heime. Vi hadde det så fantasttisk trass alt, også den siste tida. Dei gode "bamseklemmane" både morgon, kveld, når eg skulle gå og når eg kom heimatt blir eit kjempestort sakn. Eg trur på at ho no er på ein endå meir fantastisk stad enn vi kan tenkje oss, heime hjå Jesus. Ho hadde ei trygg tru på Han og lengta på ein måte etter himlen. Me skal møtast att ein dag! Asbjørn

Lenker

Hvis du har noe du ønsker å dele med andre på denne minnesiden, eller om du av andre anledninger ønsker å komme i kontakt med den som er ansvarlig for denne minnesiden, kontakter du: